Velkomen

Denne websida er for alle som er interesserte i garden Dagestad på Voss, eller slektene der.

I menyen til venstre er det lenkjer til gardshistorie og slektshistorie, samt eit kart med oversikt over lokale stadnamn kringom på Dagestad og oppover i marka og fjellet. Der er også lenkjer til eit fotoalbum for historiske (og evt nyare) bilete, og eit diskusjonsforum.

Tanken er at denne websida skal vera interaktiv, og kunna oppdaterast av dei som måtte ha interesse. Det er fleire måtar å bidra på:
  • Desse websidene er svært enkle å redigera, straks ein har logga inn (nederst til venstre). Ein kan redigera sidene direkte i nettlesaren, omtrent som å skrive i Word, og ein treng ingen avansert datakunnskap. Ta kontakt for å få passordet.
  • Om du har (historiske) bilete som kunne vera av interesse for andre, så kan desse enkelt leggjast til i fotoalbumet.
  • Oversikta over lokale stadnamn er langt frå komplett. Send ein mail, eller skriv ei melding i diskusjonsforumet om du finn feil, eller kjenner til fleire namn.
  • I diskusjonsforumet kan ein diskutera alt som måtte vera av interesse, eller berre senda ei helsing.

Du kan besøka Dagestad i Google Street View.
Comments