Gardshistorie

Då den siste istida var på sitt maksimale, for 18000 år sidan, var Noreg (og Dagestad) under ei fleire kilometer tjukk iskappe. For 12.000 år sidan var det meste av isen smelta, og det er funne spor av menneske ved Blomvåg i Øygarden utanfor Bergen frå denne tida. Klimaet vart så gradvis mildare, til det var på sitt varmaste for 6000-8000 år sidan. I Vossaboki sin artikkel om Dagestad står det at det er funne store fururøter i myrane oppi Gråsida. Desse stammar truleg frå stor skog frå denne varme perioden. På Voss er det funne teikn etter jegrar og sankarar som går 8000 år attende, og dei fyrste teikn på dyrking av jord her går attende 2000 år. Det er uvisst kva tid dei fyrste menneska kom til Dagestad, og kva tid jorda her vart dyrka. I fylgje Språkrådet er stadnamn som endar på -stad vanlegvis frå perioden 400-1100 e.Kr, medan eldre stader/gardar gjerne har naturnamn (-vik, -vin). På Midttun/Vinsand vart det i 1920 funne ei mannsgrav frå 400-600 e.Kr. i Almehaugen (også omtala i Vossingen), så det er ikkje usannsynleg at det kan ha budd folk på Dagestad allereie på den tid. Etter fall av romarriket på 3-400-talet var mange folkegrupper på vandring i Europa, og særleg den germanske/gotiske stamma Hordane busette seg kringom i det som i dag er Hordaland. Det er difor meir truleg at denne gravlagde mannen på Midtun var av Horde-ett, enn etterkomar av dei fåtal av tidlegare omstreifande jegrar og sankarar. Her kan ein berre spekulera, men ein genetisk analyse av beinrestane i kista kunne i prinsippet gje meir opplysningar.

Fyrste gong Dagestad er nemnd i ei skriftleg kjelde er i 1369, då det står i Diplomatarium Norvegicum at Orm Haldorson kjøpte 4 månadsmatabol i garden Daghastader frå Eindrid Steinmordsson. Om Eindrid veit ein ikkje så mykje anna enn at han også er nemnd i eit anna pergament i 1372 der han er vitne i høve eit sal av garden Gyltan i Øvregaten i Bergen. Namnet Eindrid var svært vanleg i Noreg på 1300-talet, også på Voss. Farsnamnet Steinmo(r)d er vanleg på Island (også i dag), men svært uvanleg i Noreg. Namnet refererer til Steinmår, som er eit anna namn for Husmår. Mårskinn var forøvrig mykje brukt som handelsvare og til betaling av skatt i vikingetida og tidleg mellomalder. Ein kan berre spekulera i om Eindrid og/eller den ukjente faren Steinmod har budd på Dagestad, men at Eindrid vitnar i ei sak i Bergen kan tyda på at dei har tilknytning der. Kjøpesumen på 4 månedsmatbol tyder på at Orm kun kjøpte ein liten del av Dagestad, og at det soleis var fleire eigarar, eller at det ikkje var rydda så mykje jord på garden på den tid. Til samanlikning åtte Erlend Serksson Vinsand 21 månadsmatbol i garden Vinsand kring år 1300. Ordlyden i pergamentet "j jord þeiri er Daghastader heiter" kan kanhende tyde på at Dagestad ikkje var ein retteleg gard på denne tida, men at det var meir tale om litt slåttemark, der det kanhende har budd ein med namnet Dag. Nokon viktig gard på den tid var nok Dagestad neppe uansett; den viktigaste garden i viki var Saue (Stora Saude).

Orm Haldorson var truleg son til Haldor Duk, som var ein rik og mektig bonde på garden Kvitheim i Skulestadmoen på Voss. Haldor var også kyrkjeverge for den nybygde Vangskyrkja. På Kvitheim budde han i Dukartun, som er Dugstad i dag. Haldor var son til Trond Rogne, som var son til Holrod Ringheim. Mor til Orm Dagestad var Birgitte Tvilde, med farsslekt på Tvilde. Som det framgår frå eit tidsskrift frå den Norske Historiske Forening, så var det på denne tida truleg tett slektskap mellom dei viktige gardane Ringheim, Rogne og Tvilde, Kvitheim (Dukstad) og Finne. Ei slektstavle for Orm Haldorson er tilgjengeleg her, men der er nok ein del uvisse. Tre av Orm sine born ser ut til å vera kjende: Gudleik, Ingrid (som gifta seg med Ivar Lydvo), og Sigurd (Sjurd). Sigurd hadde to døtre, Ragna Sigurdsdatter Bergven, og ei med ukjent førenamn som gifta seg med Amund Ivarsson Idd frå Jämtland i Sverige. Den mektige Orm-slekta har hatt band til både svenske og norske kongefamiliar attende til 1100-talet. Orm-greina på Dagestad ser også ut til å ha hatt tette band til Lydvo og til Måge i Ullensvang. 

I 1461 gjev eigarane 2 månedmatsbol i Dagestad til Prestebolet på Vossevangen som sjelegåve, med Olav Saue som eit av vitna. Her ser ein at det er fleire eigarar: Niklas Jonsson og kona Ingerda Amundsdotter, ein Torgeir med ukjent etternamn (Hafua...), og Sjurd Ormsson. Sjurd var truleg soneson til den tidlegare nemnde Sigurd, og altså oldebarn til Orm Haldorson. Ingerda Amundsdotter må vera etterkommar av Amund Idd, og dermed tipp-oldebarnet til Orm. Niklas Jonsson er ukjent, men ut frå namnet var han truleg også frå Sverige.

Kring 1538-39 var det ein konflikt om arv, som endte med at "Dagstad" vart seld til Anders Olufsson på Mosafinn i 1592:
"...Ivar som var prest på Voss. Orm Ivarson var avla med frilla Steinvor Brynjulvsdatter, som av Ivar fikk gården Dagstad på Voss.Orm hadde pantsatt Dagstad til ein son som heitte Erik Ormson. I 1539 stemner Jens Richardson. som og var en son av Steinvor, Erik Ormson i Stavanger og kravde Dagstad for seg. Det var dømt at garden skulle høyre til Jens Richardson, og Orm sine arvingar måtte skrive fra seg retten. Dei fekk dette godtgjort. Jon Amundson Bø og Erlind Amundson fekk 36 dalar for helfta og Ivar Amundson sine arvingar (han var død) fekk 35 dalar for den andre helvta. Dette kaupet gjekk for seg i 1592, meir enn 50 år etter at domen var sagd, og han som kaupte var Anders Olufson på Mossafinnen".
Denne konflikten er omtala i Diplomatarium Norvegicum i 1538 og 1539. Jon og Erlind Amunson er nok også etterkommarar av Amund Ivarsson Idd. Det ser altså ut til at det var etterkommarane til Orm Haldorson, med inngifte frå Jämtland i Sverige, som eigde Dagestad i perioden 1369-1592. Eit utanomekteskapleg born som presten Ivar Ormsson fekk med frilla (elskerinna) Steinvor ser altså ut til å vera den direkte årsaka til at slekta miste garden. Jens Richardson var tilsynelatande ikkje interessert i å bu på Dagestad sidan han selde garden vidare med det same.
Det kan forøvrig sjå ut til at det er feil i den siterte oppgåva ovanfor (Gardshistorie for Bø i Nærbø, Rogaland), og at han som kjøpte Dagestad var Anders Jørgenson Mosafinn. Faren, Jørgen Mosafinn, fødd ca 1543, flytte også til Dagestad etter kjøpet.

Den delen av Dagestad som var gitt eller seld til Vangen Prestebol var registrert som Bruk 2. Denne jorda var for det meste bygsla (leigd) av brukarane på Dagestad, og vart kjøpt attende til privat eige etter 1846. Bruk 3 vart skild ut frå Bruk 1 i 1750. Halle Jørgenson overtok Bruk 3 i 1839, men eigde også ein gard på Jernes der han budde. Han selde difor halvparten av Bruk 3 på auksjon i 1874, og den andre halvparten i 1878, skild ut som Bruk 4. Både Bruk 3 og Bruk 4 vart dermed selde ut av Mosafinn-slekta. Eigarane av Bruk 1 og Bruk 2 i dag er derimot etterkommarar etter Jørgen på Mosafinn som kjøpte Dagestad i 1592, med inngifte for det meste frå andre gardar på Voss.  

Bruk 3 vart kjøpt tilbake på odel av Anders Jørgenson i 1876, men seld vidare i 1888 til Knut Anderson Væle som var fødd på Lavik Eksingedalen (sjå slektshistoria til Bruk 3). Bruk 4 vart også kjøpt tilbake på odel av Jørgen Brynjulvson i 1919, men seinare seld ut av slekta att til Jon Jordalen.

Før utskiftinga i 1883 stod alle husa på Dagestad i eit klyngetun der tunet til Bruk 1 står framleis. Flytting av bygningar i høve utskiftinga er omtala i oppgåva "Dagestad frå hamskifte og til i dag" som er skrive av Guro Dagestad. Ei segn seier at husa på Dagestad i eldre tid stod på Tuftena, som i dag høyrer til Bruk 2. Denne segna er støtta av funn av gamle hustufter like etter utskiftinga, men det er uvisst kva tid husa vart flytte frå Tuftena til klyngetunet på Bruk 1.

Fleire detaljar om gardshistoria er å finna i Vossaboki.
Undersider (2): Fornminne Lenkjer
Ċ
Knut-Frode Dagestad,
2. okt. 2010, 10:47
Comments