Gardshistorie‎ > ‎

Fornminne

Det er ingen offisielle registrerte funn av fornminne på Dagestad, men i Vossaboki er det nemnt diverse funn på Tuftna, ein haug ovanfor husa til Bruk 2:

Dei gamle har fortalt at husi på Dagestad fyrr stod på ein stad kalla Tuftna. Der var det lite um vatn, og dei flytte so husi til tunet som var fyre utskiftingen 1883, og der husi åt bruk 1 framleies er. Husi stod mest vegg i vegg. Då bruk 2 etter utskiftingi tok til å grava på Tuftna, kom dei på steinar som tvillaust har vore hyrnesteinar og på merke etter 2-3 hus med eldstad. 
......
Etter at eigaren av bruk 2 flytte til Tuftna, har han der funne fleire lodd og støypeformer til knappar og spenne, alt av kleberstein.

Det står litt om tidlegare bruk av kleberstein her.
Men på dei fleste andre gardane i Viki er det funne gravhaugar og andre spor attende tilbake til folkevandringstida. Oversikt over desse funna er tilgjengeleg via Dokumentasjonsprosjektet. Mellom anna er det funne ei mannsgrav datert til 400-600 e. Kr i Almehaugen på Midtun. Det er funne ein spydspiss frå yngre jarnalder på Eimstad. På Mosafinn er det funne fleire gravhaugar, helleristningar og diverse oldsaker. Ingen av desse sakene er utstilte ved Bergen Museum, men ligg i det arkeologiske gjenstandsmagasinet der. Kun to av gjenstandane er fotograferte; ei jarnøks frå grava på Midttun og ei steinøks funne på Mosafinn. 




Takk til Sonja M. Innselset ved Bergen Museum for tilgang til desse bileta.
Comments