Klimahistorie

I mange av kjeldene er det fleire referansar til lokalt ver og klima, som til dømes at det har vore ein kald vinter eller ein turr sumar, og dermed dårleg eller god avling. Målet med denne sida er å samle slike hentydingar, for å samanlikne desse lokale hendingane med historiske variasjonar av global temperatur.



Fyrst litt om globale klimaendringar:

Figuren nedanfor syner rekonstruert temperatur dei siste 12000 år, frå slutten av siste istid. I perioden 8000-4000 år sidan, under "Holocene climatic optimum" var klimaet varmare enn det er i dag. På denne grafen kan ein også sjå at vikingetida og tidleg middelalder var ein varm periode, og den vesle istida (som ikkje er ei istid i retteleg forstand) som varte frå ca 1400-1800.


Figuren nedanfor syner rekonstruksjon av dei siste 2000 år, med meir detaljar enn figuren ovanfor. Her ser ein også tydeleg den varme middelalderen og den vesle istida, samt oppvarminga dei siste 100 år. Densse rekonstruksjonane er basert på treringsanalyse og andre indirekte metodar for å bestemme temperaturen.

Figuren nedanfor syner global middeltemperatur (gennomsnitt) dei siste 150 år. I motsetning til figurane ovanfor er dette basert på direkte målingar med termometer, og er dermed meir nøyaktige. Her ser ein at det var ei oppvarming fram mot 1940, så ei avkjøling til 1960-70-talet, og deretter ei ny oppvarming fram mot i dag.




Så til lokale hendingar:

Tabellen nedanfor syner nokre historiske indikasjonar på lokale klimahendingar på Voss og i nærleiken. I kolonna til høgre er det nokre kommentarar om korleis dette evntuelt stemmer med globale klimavariasjonar eller andre hendingar.

 - Under bearbeiding - meir kjem til her etter kvart - 

Klimahendingar


Comments