Slektshistorie‎ > ‎

Slekta til Bruk 3

Knut Andersson Lavik og kona Ingebjørg Halvardsdotter Flatekvål frå Eksingedalen kjøpte Bruk 3 på Dagestad i 1888. Dei tok deretter etternamnet Dagestad. Yngste sonen, Hallvard Augustin, gifta seg med Anna Nestås og fekk sju born. Sonen Knut Dagestad overtok garden, og gifte seg med Olga Dagestad frå Asker og fekk seks born. Sonen Rognald Dagestad driv garden i dag, saman med kona Guro (fødd Eikefjord) frå Fenne.

Nedanfor er ei oversikt over forfedrene til Knut og Ingebjørg Lavik. Dette familietreet, samt både yngre og eldre generasjonar, er samla på geneologi-sida www.geni.com. Dei som tilhøyrer same slekt kan ta kontakt for å få tilgang. Ved å logga seg inn på www.geni.com kan ein få god oversikt over familietreet, og ein kan sjølv leggja til fleire personar.


Knut Andersson Lavik (f. 1838) og Ingebjørg Flatekvål (f.1840) var syskjaborn, og kom frå nabogardar i Eksingedalen. I 1869 fekk dei skøyte på bruk 1 i Øvstedalen og 1875-1879 pakta dei kyrkjegarden på Evanger (Væle). Det er uklart kor dei budde frå 1879 til dei kjøpte bruk 3 på Dagestad i 1888.
Dei fekk 9 born:
  • Halvard, fødd 1864. Han drukna ved Øykholmane, som er stølen til bruket i Øvstedalen.
  • Dordei Dortea, fødd 1866
  • Anders, fødd 1869
  • Johannes, fødd 1871
  • Marie, fødd 1873
  • Johan, fødd 1875
  • Anna, fødd 1877
  • Marie, fødd 1879
  • Halvor Agustin, fødd 1882
Yngstemann, som overtok garden på Dagestad er kjent som "Hallvard", men i Knut A. Lavik sin gamle bibel (som er på Dagestad) ser ein at han er innskreven som "Halvor Agustin", og at det er eldstemann som var "Halvard". Det er også naturleg at fyrstefødte er oppkalt etter sin bestefar (Halvard Flatekvål). Det er imidlertid mogeleg at yngstemann overtok namnet "Halvard" (evt Hallvard) etter at eldstemann drukna.

På www.geni.com er det registert forfedre som er fødd så langt tilbake som til 1600. Kartet nedanfor syner kvar desse forfedrene kom frå. Du kan bruka navigasjonen til venstre på kartet for å zooma inn og ut.

Fargekodane tyder:
- blå: Knut Lavik si slekt
- raud: Ingebjørg Flatekvål si slekt
- gul: felles slekt
Klikk på symbola på kartet for å sjå kven som kom frå dei ulike stadane. 

Mykje av informasjonen i slektstreet er henta frå Evangerboka og Bygdeboka for Modalen. Desse er ikkje tilgjengelege på internett, men kopiar av eit utval artiklar er tilgjengeleg nedanfor. Mykje er også henta frå andre sine offentlege slektstre tilgjengelege via
http://searches.rootsweb.ancestry.com/. Her er til dømes funn for Knut Lavik.

Garden på Lavik ser ut til ha gått i arv frå far til son attende til tidleg på 1600-talet. Det finnes ingen skrevne kjelder om slekta før den tid. Men nokre segner som har levd på folkemunne i Eksingedalen var nedskrivne av Lars Eskeland i boka "På Klårfjell" i 1938:

Det er segner um at same etti hev butt på Lavik frå langt uppi stortidi i soga vår. Men det hev skift med manns- og kvinneleder. Den fyrste ættarfaren som er nemnd i segnene var ein kongsmann som heitte Bjarne Belg. Tilnamnet fekk han av eit stasplagg han gjekk med, laga av bjørnefeldar. Han kom røming til Eksingedalen, hadde vorte til uvens med kongen. Kva for ein konge det var, segjer ikkje segni. Men han kom seg i venskap med kongen att. Han hadde busett seg i Lavik, og der vart han verande. Sidan var det mange av Belg-ætti som var i kongs-tenesta.
Ei av ternone til dronning Kristina, dotter til Håkon Håkonsson, var av Belg-ætti og fødd i Lavik. Denne terna fylde dronningi til Spania. Der vart ho gift med ein mann som var nærskyld med kongslyden. Dei kalla han grande, og ingen av deim som hev fortalt segni i siste mannsaldrane hev visst kva ein grande var, ikkje ein gong han som eg høyrde henne av. Underleg var det då at eit slikt ord skulle ha kome med, um segni var berre dikt. Grande var ein mann som høyrde den høgste lensadelen til, frå det trettande hundraåret. Ein grande hadde stor makt, og til merke på kor høgsett han var, hadde han lov å ha hatten på når han tala med kongen, og kongen sa mi primo (frenden min) til han. Berre det var nok for framande til å tru at ein grande var nærskyld med kongen. I so måte er òg segni merkeleg.
Den norskfødde grandefrua skulde vera glup til å syngja og fortelja. Og ho song og fortalde om heimlandet sitt åt born og barneborn, og mykje av det levde i ætti hennar i lange tider. Um lag 200 år etter hennar tid kom det ein mann av hennar folk til Noreg og vilde sjå landet og bygdi som den langframande ættarmoti hans var ifrå. Han heitte Martinos, segjer segni. Noko yver eit år reiste han her i landet. Han var mange gonger i Lavik og fór Eksingedalen til endes. Siste gongen etla han seg til Vossastrondi og derfrå til Sogn. Men på denne ferdi kom han burt.

Ei anna segn om Svartedauden er slik:

Den store mannadauden herja fælt i Eksingedalen. Sistpå brann det berre på tri gruor, på Gullbrå og Bergo og i Lavik. Der levde tvo unge jentor att. Dei var frå kvar si stova, men flytte ihop. Den eine var av Belg-ætti. Ho vart gift med ein sogning, og sidan hadde det folket mykje med Sogn å gjera. Men ætti hadde røter i Sogn frå fyrr òg.

Det er mange dømer på at slike segner har vorte stadfesta av seinare funn. Mellom anna var det også ei segn som sa at det gamle tunet på Lavik i gamal tid låg på sørsida av elva (Ekso). Dette vart stadfest då gamle hustufter vart oppdaga der i nyare tid. Der er fleire gravhaugar på garden, og dei som har vore opna inneheldt mange gjenstandar frå jarnalderen.

Kartet ovanfor som syner forfedrene til Knut Lavik (blå symbol) syner at dei kom hovudsakleg frå nord i Modalen, nordover til Steinsland. Dette kan også vera ein indikasjon på at slekta har røter nordover mot Sogn, i tråd med segna om svartedauden. 

Dersom segnene stemmer, så er Bjarne Belg den eldste kjende ættefaren også til etterkomarane på Bruk 3 på Dagestad.



Imidlertid indikerer ei ættetavle som er laga på www.geni.com at Guro Dagestad (og borna) er etterkommar etter Hunerkongen Attila som levde på 400-talet, og også Kong Fredrik den 2. av Danmark-Noreg:


Dette er imidlertid basert på udokumenterte spekualasjonar om at Johan Fredriksen Garmann er fødd frå eit illegitimt forhold som Fredrik II av Danmark-Noreg skal ha hatt med ei tenestejente.
Ċ
Knut-Frode Dagestad,
2. okt. 2010, 03:26
Ċ
Knut-Frode Dagestad,
2. okt. 2010, 03:02
Ċ
Knut-Frode Dagestad,
2. okt. 2010, 01:56
Ċ
Knut-Frode Dagestad,
2. okt. 2010, 03:15
Ċ
Knut-Frode Dagestad,
2. okt. 2010, 02:00
Ċ
Knut-Frode Dagestad,
2. okt. 2010, 01:58
Ċ
Knut-Frode Dagestad,
2. okt. 2010, 01:58
Ċ
Knut-Frode Dagestad,
2. okt. 2010, 11:23
Comments