Ymse

Frå Vossaboki:

  • Fleire segner fortel at det i gamal tid har vore både mykje og stor skog på gardane Dagestad til Nesthus. Store furerøter i myrane vitnar um at høgt uppe i Graosio, der det no berre veks bjørketarr, har vore stor fureskog. Ei bordplate 4 meter lang, 70 cm. breid av ein stokk er enno på bruk 1 og syner at der har vore stor skog. Etter den store branden i Bergen i 1600-åri kom strilar og kjøpte timber på Dagestad. På Langeflòten øvst i marki, der skogen var serleg stor og tett, hogde dei for trom. Sidan har der vore myr som er kalla Bymyræ. Ikring 1830-åri vart hogge eit mastetre 42 alen langt med 6 toms topp. Det laut 2 hestar og 8 mann til for å føra det åt Vangsvatnet. Som døme på at der var stor og frodig bjørkeskog, er fortalt um ei stor bjørkevidje som dei laga. Ho hekk i fleire mannsaldrar på ein loftsvegg og var velkjend under namnet Dastavijjo. Ho var vridi og gjord ihop som ei vanleg vidje og var so vid at ein mann kunde rida gjenom henne utan at hatten nådde upp i vidja.
  • I beiti under Graosio var det fyrr ofte bjørn som drap nautskrøter og smale. Ein sumar drap han 30 storfe for gardane Nesthus til Skylje. Bjørnen korn stundom heilt heim i tunet og skremde både folk og beist. I 1850-åri grov dei ned ei daud kyr der kårastova på bruk 1 no er. Natti etter hadde bjørnen grave kyri upp att, og åt henne upp der. Ein gong var ein bjørn komen i kalvahuset. Slåttekaren vilde sjå kva leven der var, og med det same han let upp døri, fór bjørnen ut. Mannen rende ljåen i vombi på bjørnen so tarmane kom ut, men han sprang so lenge mannen såg han, er det fortalt.
  • Husmannen Klas Otteson dokterte både folk og krøter og kunde stemma blod når nokon var um og forblødde seg. Det skulde vera to slags blodstemmor, dan stora og dan vetla. I ein joladans på Mosafinn vart eit stygt slagsmål, og ein vart so illa faren at han heldt på å blø seg ihel. Klas vart henta, og han sa at det var på høg tid. Prøvde fyrst med dan vetla blodstemmo, men det hjelpte ikkje. «So får me våga til med dan stora blodstemmo, men det kjem til å røyna både han og meg», sa Klas. Både han og den skadde vart bleike som lik, men blodet stogga, den skadde kom seg og vart like god att.
  • Ein mann som var i båt på Vangsvatnet såg syn over Dagestad. For å avvenda ulukka gav dei heile budråtten av smør for ein sumar til St. Jørgens Hospital i Bergen.
  • Austanfor plasset Husmannatuftæ er ein flate kalla Fylshamarflaten. Det er fortalt at der slo dei ihel fyli som dei ikkje vilde ala upp og kasta dei utfor hammaren. Dei kastrerte ikkje hestane då, og når marar og hingstar gjekk saman i marki, vart det meir fyl enn det var umsetnad for.
  • I eldre tid brende dei mykje brennevin på Eimstad, og det førde med seg drikking og usemje i grannelaget. I joletidi gjekk dei i jolalag, dei kalla, byrja på Mosafinn og heldt på fleire dagar frå gard til gard heilt til Nesthus. Mangt løglegt fann dei då på, men det vart for mykje av sviring og elles det som lite dugde, og ofte usemje. I dei fleste grender på Voss var det likeins, og brennevinsbrenning var det på mange gardar.
  • Ved vegen til stølen stod ei stor gamal bjørk der det var tett i tett med krossar på leggen. Lenger ute er Budeielyftæ. Der er fleire større og mindre steinar, som dei lyfte på når dei fór til støls og likeins når dei fór heim att. Dei skulde sjå kor mykje dei hadde sterkna medan dei var på stølen. Noko lenger ute er ein stor stein Klokkar'n. Til han skulde dei ofra ved at dei på viss avstand kasta tri steinar på han. Vart alle tri steinane liggjande på Klokkar'n, skulde vedkomande få den dei vilde ha. Endå lenger ute er Krosshaugane. Der skulde setjast ein kross både når dei drog til støls og når dei for heim att for å verja seg mot trollskap. - Når dei i gamle dagar fyrste gong um våren løyste beisti, sette dei ein tjørekross på kvart dyr og på florsdøri og kveikte so i turr kumyk som dei la attmed døri. I kvar bås la dei ein kross når krøteri var slepte ut.
Comments